Nyheter
SO YOU WRITE 60!
Som improviserande musikar skriv du i sand, og du har MEISLA deg inn i musikkhistoria. NOW YOU WRITE 60!, skriver Eldbjørg Raknes i denne hyllesten til dagens 60års-jubilant, Sidsel Endresen.
SO YOU WRITE 60!
GRATULERER MED DAGEN, 19.JUNI 2012, SIDSEL ENDRESEN!
Du er fantastisk.
I snart 40 år har du utvikla ditt kunstneriske virke.
Vidare og vidare.
Så iherdig som ein maur
Så sta som eit esel
Så utforskande
Så
kontrollert
Så open
Så sensitiv
Så sterk som ein bjørn
Så nervøs før kvar konsert som eit aspeløv
Så stemmevarm som ein flytande bergart
EIGENART!
(Og Så artig! Og SÅ langt hår! Og SÅ verdensvant! Og SÅ vakker! Og SÅ
vár! Og SÅ rar!)
SIDSEL!
Eg skal ikkje oppsummere dine låtar, innspelingar, band, samarbeid,
konsertar, turnéar, arbeid eller liv.
Eg skal berre gi deg ein TAKK:
Du skriv, du utforskar , du lyttar og du opnar.
Du er ein musikalsk stilskapar.
Du er ein stemmebruksutforskar og -nyskapar.
Du er ein pedagogisk metodepionér og pådrivar.
Du er klar i tale, veltalande.
Du deler tankar, lyttar , har vore og er mentor for Mange.
Du er eit fantastisk FØREBILETE – fagleg innhaldsmessig og i form av
krafta og
klarheita du kommuniserer med og den
kunstneriske trua og tålmodet du tør å tyne.
TUSEN TRILLIONAR TAKK!
Og
HURRA FOR DEG!
(Eg håpar inderleg kulturNORGE og -verda gir deg all oppmerksemd du
fortjener;
fargefjernsyn, fagmiljø, MIC , MEN, MUS og NJF og KUD og UD og
folk og alle.)
Og eg håpar du får
fabelaktigfinflott feiring!
Som improviserande musikar skriv du i sand,
og du har MEISLA deg inn i musikkhistoria.
NOW YOU WRITE
60!
kollegial bursdagstakk med kyss og klem og hurralydar frå eldbjørg

Hurra for deg Sidsel og gratulerer med dagen, du er til inspirasjon for fler enn dine musikerkolleger:) ha en feiende flott dag!
Pingback: Hello world! › Eldbjørg Raknes